Lea er ein
tollar frå Drammen som har flytta til Stange. Ho har ikkje har noko ”fint
slektsnamn”, men har elles mykje Jenwills-blod i seg. Som andre tollarar er Lea
ei sjølvbevist dame som helst vil bestemme sjølve. Lea er også glad i å springe
rundt i skog og mark.
Utgangspunktet for å
skaffe oss ein toller var at vi ønska oss ein jakthund som ikkje er for stor.
Valet vart Lea som vart født 17. juni 08. Sjølv om Lea tilhøyrer gruppa av litt
engstelege tollarar, er ho ikkje skottredd, og responderar godt på miljøtrening.
Lea har vore på
fleire dressurkurs og retrieverjaktkurs. I tillegg har Lea trena blodspor. Så
langt er suksessen klart størst på blodsporsida. Deltaking på 3 stk. prøvar har
gjeve 3 stk. 1. premiar. I slutten av oktober vart Lea godkjent ettersøkshund!
Framgangen på
jakttreninga har vore stor. Til vanleg er ho gangske fatta og flinkt til å ikkje
knalle. I tillegg er ho stille! Lea er kjempeflinkt til å svømme, sjølv om det
tok litt tid før ein engsteleg tollar turte å svømme på djupt vatn.
Vi prøvar å delta på
alle samlingane i Østlandstollerene, som er eit godt miljø for oss nybyrjarar
innafor retrieverjakt. Framover kjem vi til å satse mest på jakttrening. Kanskje
blir det praktisk småviltjakt ein gong også?
Lea var så uheldig å
få meningitt i ein alder av 11 mnd. Så langt har behandlinga gått bra og vi
håpar på ei friskmeldt snuppe i slutten av 2009.
